onsdag 31. juli 2013

Tapet triks!

Då er me i gang med oppussing. I dag og i går var det riving av tapet som sto på tapetet (fiffig ordspel, fornøyd med den ;). I går sto eg og klurte og nappa ut ein cm store bitar om gongen og fekk tilslutt tatt ned ei heil tapetlengd!!! Brukte stimar til å dampa med så trudde jo det skulle sleppe litt bedre. Såg svart på det ei stund, i det tempoet kunne me stått der og reve tapet fram til jul! Så i dag henvendte eg meg til min faste rådgiver; Google. Der fann eg råd! Så eg blanda saman eit par av råda og helte eddik i varmt vatn og rulla på med malingsrulle. Det gjorde susen! Tapeten datt jo ikkje akkuratt ned, men med to par ekstra hjelpsomme nevar fekk me tatt to soverom og gangen! Supert med hjelp :)
Tapeten i gangen var jo faktisk ganske stilig. Fekk ner nåken store bitar eg har tatt vare på til seinare bruk. 

søndag 14. juli 2013

Dåp

Forige søndag hadde me dåp for vetleguten. Det blei ein flott dag der me kosa oss saman med venner og familie. Dåpsbarnet følgte opmerksomt med på alt som skjedde og storkoste seg med all oppmerksomheten. I kyrkja sovna han så godt på tante sitt fang, det skal jo bringe lykke å sove i dåpskjolen, så det var bra :) 
Været var grått om morgonen, men etterkvart skein sola og det blei ein strålande dag. Middagen hadde me på "heimen" i Herøysund. Me hadde laga koldtbord og var litt spendte på om det var nok mat. Det var heldigvis rikelig :) Kaffien flytta me opp i hagen til svigers så me fekk nyta det fine været! 
Det var ein sliten men fornøyd liten familie som gjekk til køys den kvelden.

Invitasjonane
Fann stensil til kjolen på nett. Printa ut ein tekst på blått papir og tegna av stensilen. Limte bilde og invitasjonstekst inni. 

Bordet var dekka med kvite dukar, kvitt servise og enkelt pynta med blåklokker og telys. 


 
 Bordkorta; eg printa ut 30 ulike bilder av goguten vår og limte dei på blått ark med navna på. Kan vel ikkje bli skjønnare enn det?

 Dåpskake frå Yngves.

Kransekake, med pynt som søskenbarna hadde kjøpt til Joakim.

Ein fornøyd liten familie :)

torsdag 11. juli 2013

God morgon :)

Å bli vekt av to hender som klaskar deg i ansiktet, kan kjennast litt irriterande. Men når du slår opp augene og ser at bak dei små hendene stråler verdens herligaste smil mot deg, då er alt greit og det er ein god morgon :) 

onsdag 3. juli 2013

Nytt oppussingsprosjekt

Me har kjøpt oss hus :) Jippi! 
For tredje gang har me skaffa oss eit oppussingsobjekt, har allerede gløymt at eg var lei av det :) 
Her skal me ikkje bli arbeidslause med det fyrste ;) 
Huset ligg ved sjøen og har eigen strandlinje. Det kjem til å bli så bra etterkvart!
No er det mykje å ta stillig til. 
Kva fargar skal me velga? Skal me ha gips eller tapet i stova? eller bare male over strietapeten som er der? Kva skal me ha kor? Kor skal me begynne?



Ein ting me nesten har bestemmt oss for, er å flytte kjøkkenet på nedsida av huset. 


Det blir meir jobb, men det fristar veldig å ha denne utsikta utover sjøen frå kjøkkenet... 


... istaden for denne utsikta rett opp i vegen!

I første etage er det tre soverom, kjøkken, stove og bad. I første omgang vil me gjere dette ferdig, før me startar med kjellaren. Ute må me også gjera mykje, men det er eit prosjekt for seg sjølv, så det får eg komma tilbake til ein annan gang. 


Eg gledar meg til å komme i gang! 




onsdag 12. juni 2013

Ny dress av gammal jakke

Eg har eit lite lager i skapet av kler eg har tenkt å fikse litt på for å fornye dei litt. 


Denne jakka har eg arva frå svigermor, eg hadde tenkt å bare endre snittet litt på den, slik at den blei litt meir figurnær. Men sidan den bare blei liggande og liggande utan at eg fekk gjordt noko med den fekk eg ein ny ide! 


 Fram med saks, målband og symaskin...


 og tilslutt enda det opp som sparkedress til vetleguten! 
Stilig? Det synes eg :) Gult er kult! 

tirsdag 14. mai 2013

Å komma seg ut døra

Hmm.... Det er vel på tide å gjere seg klar, eg veit jo det pleier å ta litt tid så like grei å vere tidlig ute... Åja du skal ha litt mat fyrst ja, greit da :) ..... Sånn ja, då må me bytta bleia, så kan me komma oss av garde.... Der ja, rein bleia, mett og god, glad og fornøyd :) .... Sjå der ja, gulpa du på heile deg og på mamma, uffa! Jaja då får me bytta kle på deg igjen då..... Ja! Då va da bare å få på deg ytterkler.... Kor e huo.... Leiter..... Leiter..... Der ja! Rett framfor augene mine! .... Sånn då va du klar. Kanskje eg må sjå gjennom stellebaggen! .... Der mangla da bleier! .... Får fylla på.... Jepp! Klar! På med skono mine, så e da bare å henta vetleguten! Søren og! Han ligg i stovo! Av med skono. Henta guten.... Jaja ufdå e du blitt litt utolmodig? Kor e tutten? ..... Der ja! Såså, no e me klare! .....Oki på med skono, ska me sjå, vist eg sette meg her kan eg ta foten så høgt at eg når lissene med handa som holde rundt guten.... Sjå der ja.... Mjuk og smidig :) og så andre skoen! Phu! .... Bøye meg ner sånn ja og tar opp stellevesko.... Då va me klar! .... Ska me sjå, bilnøkklen i den handa .... Vist eg bare strekke meg opp på tå får eg åpna døra og trekkt den til meg, sånn ja! Så sidelengs gjennom døra sånn at vesko ikkje sette seg fast i karmen! Selvfølgelig to dører her! Og den siste e så treig, kom igjen! Ute! .... Sjå der ja, da regne.... Eg har glømt å ta på meg jakka! Inn igjen... Tar bare jakko i armen, no må eg komma meg avgarde! .... Åpna bildøro, sånn ja.... Opp i setet, festa selen..... Ah... Detta gjekk jo bra.... Starta bilen... Hæ? E klokko så mykje? Ka i all verden va da så tok så lang tid? .... Hm... Her lukta da veldig gulp.... Kor e brillene mine? .....

fredag 3. mai 2013

Mintgrønn

Går ikkje fort i svingane her i gården! 
I mars skreiv eg på bloggen at eg ønska meg nye mintgrønne puter. 
Litt seinare i mars kjøpte eg meg mintgrønne putevar. 
Etter vetleguten kom har eg fått det for meg at alt skal vaskast før det tas i bruk, så i april vaska eg putevara. 
Litt seinare i april var mamma på besøk og strøyk dei :) Eg kan stryka sjølv og altså men da e ikkje da kjekkaste eg veit, så då blir da gjerne utsett, så då e da jo veldig greit når mamma kjem og gjer det for meg ;) 
No er det blitt mai og putene er komme på plass i sofaen! 
Skulle bli vårstemning, men med tente lys og ein god kopp te minna det meir om haust i dag. 
Eg og vetleguten har vore i varmebassenget og kosa oss i dag, så no ska me kosa oss inne resten av dagen. Med nye puter, som sikkert snart må vaskast for gulpeflekkar :) 
Gul pute har eg fremdeles lyst på, men det har eg ikkje funne endo... 



God helg! 



onsdag 3. april 2013

Farge ull

Kvite ullkler e veldig fint på vetleguten synes eg. Då ser han ut som den søte uskyldige engelen han er :) men kvite ullkler får fort flekkar på seg, som ikkje går vekk i vask. Difor har eg testa ut å farge nokre plagg med wilton konditorfarge. Fargane kjøpte eg på amazon.com ( ilag med mykje anna kjekt ;).


Eg tok vatn og eddik i ei ildfast form og la plagga oppi. Hadde Varmt vatn i eit beger som eg blanda fargen oppi og helte det over i forma. Satte så forma i ovnen på 120 grader i ca 30 min. Då var all fargen absorbert inn i plagga og vatnet i forma var heilt blankt igjen. Oppskrifta fann eg her. 



Resultatet blei ikkje heilt bra, litt skjoldete og svak farge. Eg hadde to bodyar i samtidig så tenkte det kunne vera grunnen. Difor prøvde eg ein gong til med bare eit plagg. Resultatete blei mykje betre, men fortasatt litt skjoldete, men det kan jo vera dei samme skjoldene som satt igjen frå første forsøk?



Når eg først skulle prøva ut konditorfargane måtte eg jo prøva dei på desse gulrotmuffinsane og! Sjølvsagt orange til dei :) Desse muffinsane er best med ostekrem på, men sidan eg ikkje eter mjelk og gluten for tida blei det ein melangeglasur istaden. Melange, melis og eit egg blanda saman. God den og, men ikkje heilt det samme. I muffinsane brukte eg Toro sitt glutenfrie mjøl og fiber husk, dei blei veldig gode :)
  

onsdag 20. mars 2013

Retro kler

Svigemor har tatt vare på kler frå min kjære og søskeno hans var små, desse fekk eg forsyna meg med her ein dag. Synes det var mykje stilig der, og at dei er så godt i hold 30 år etter dei var i bruk er ganske inponerande. Her er eit lite utvalg av det eg fann :) Stilige fargar og stilige snitt!







torsdag 14. mars 2013

Vår

Det er deilig vårfølelse ute med strålande vær! Litt kaldt er det, men så godt det er når sola skin! Snøklokkene er komme i hagen. 




Eg har lyst å gjere nåko inne for å få det meir vårlig der og. Tok med eit par snøklokker inn, men dei blei veldig små ;) Prøvde i går å finne fram dei lilla putene igjen. Dei er jo til og med blomar på! Men synes ikkje det hjalp så veldig.

 

Eg har nemlig lyst på nye puter! I mintgrønn og gul :) litt usikker på den fargekombinasjonen, men inni håve mitt ser da fint ut! Rart da der med fargar, koss da skifte kva eg synes er fint. Er ikkje lenge sidan eg ikkje var veldig begeistra for pastellar, men no har eg altså veldig lyst på eit innslag av mintgrønn i hus :) var på senteret i går og kikka, men fant lite og ingenting! Ikkje har eg funne nåke særlig på nett heller, så da e ein viss fare for at desse putene bare eksistere i mitt håve, hihi :)