Eg har nokre fobiar, og edderkoppfobi, eller Araknofobi som det heilter på fint, er ein av dei. Ein i utganspunktet harmlaus skapning, som kan bli livsfarlig på grunn urasjonelle handlingar utført i angstens hete. I følge Wikipedia (som jo er ei truverdig kjelde;) er eg ikkje aleine, heile 50% av kvinner og 10% av menn blir skjelven i buksa av lille Petter edderkopp.
Kva i all verda kjem det av? Dei aller fleste edderkoppar er jo faktisk heilt ufarlige, noko eg prøver å seie til meg sjølv når eg møter på dei. Den e snill, den e snill, den e snill - SPRING! eller i allefall hald auge med den, så den ikkje kjem nermare!
Det er noko med at dei er så små at dei kjem seg til over alt. Dei klatrar opp vegger og går i taket, hiv seg utfor og heng der og dinglar i lina si. Og så er dei så fryktelig kjappe!
Dei er overlegne, og ukontrollerbare.
Det er og noko med dei lange ekle beina til den vetle kroppen. Stankelbeina har jo enda lenger bein, men dei synes eg ikkje er det minste ekkle, kanskje fordi dei er så klumsete at dei blir jo nesten søte.
Så kva gjer eg når eg møter ein Petter på min veg? Helst tar eg omvegar. Bruker eit anna par sko enn dei eg hadde tenkt for Petter sit farlig nær dei andre. Ein sjeldan gang er eg så tøff at eg hentar eit glas og plasserer det oppå han. Eit veldig kritisk øyeblikk sjølvsagt, eg har ikkje så lange glas, så eg må farlig nerme, og han kan jo komme til å stikke akuratt i det eg skal sette ned glaset. I verste fall vil han springe mot meg! Pust rolig, dette går bra -VÆÆÆ han rører på seg!
Planen med å sette glaset over han er jo sjølvsagt å få han oppi det for så å frakte han ut i frihet. For eg likar ikkje å måtte drepe han, det er jo ikkje hans feil at eg er latterlig redd for han, og dessuten skal det jo bringe ulykke! Men for å få edderkoppen oppi glaset trengs ein ny kritisk operasjon, så det kan godt hende han blir ståande der inni glaset ei god stund. Då har eg iallefall kontroll over han og kan konsentrere meg om andre ting enn kor han befinn seg. men tanken kvernar heile tida bak der; det er ein edderkopp i eit glas på gangen, håpar iallefall den er der, kan han ha komme seg ut?
Ein god ide eg får når han er inne i glaset, er å vente på at min kjære kjem heim så han kan ta seg av han. No er det desverre sånn at min kjære har sett eit program på TV om ei som blei kurert med hjelp av eksponeringsterapi og har difor klokketru på det. At han ikkje er psykolog er bare ein bagatell. Så han viser meg korleis eg skal gjere det og så må eg altså likevell til perrs! Grusomt!
Men det går jo bra, eg anar ikkje kva eg er redd for, men det har iallefall ikkje skjedd.
2 kommentarer:
HAHA! eg ler meg i hel :)
Haha... Då er vi i samme båt:)
Legg inn en kommentar