Dei første timane etter bomba i Oslo, satt eg faktisk å tenkte: "kor blir det av Jens Stoltenberg? No burde han snart sei noko, NO burde han stå opp som ein leiar for landet". Og det gjorde han, så til dei grader. Eg er mektig imponert over den mannen! Han er hardt ramma personlig, likevell klarer han å stå opp og sei alle dei rette tinga. Og samle eit heilt folk.
Det gjer vondt i hjerte å tenke på alle dei som så urettferdig blei reve vekk frå livet, alle dei som har mista sine kjære og alle dei som har hatt traumatiske opplevingar i møte med denne grusomheten. Det kjem det nok alltid til å gjere. onsdag 27. juli 2011
Mitt lille land
I dag sit eg her med ei kjensle av stolthet. Eg er stolt over å vera norsk. Av å vera del av eit folk som reagerer med KJÆRLEIK, OMSORG og ÅPENHET i møte med det grusomme. Det står i sterk kontrast til rop om HAT og HEVN, som me har sett døme på i andre land. Det er rørande og imponerande å høyre AUF-ungdommen ytre at slik vil me reagere. Når dei som har stått ansikt til ansikt med han og sett grusomheten med eigne auger klarer det, så må me andre klare det og. Det gjer godt å tenke på at ved å reagere slik oppnår han ikkje det han ville. Han har bare tapt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar