fredag 1. juli 2011

Kven et sokkane mine?

Kor blir dei av desse sokkane? Du har eit par på deg, hiv dei i skittentøyskorga, inn i maskinen og når du tar dei ut igjen er den eine forsvunne! Og alltid bare den eine, ikkje begge to.
Er det vaskemaskina som tar dei? Og kva gjer ho isåfall med dei? Eller er det sokkeindustrien som har programert det slik at den eine går i oppløysing etter ei viss stund, slik at vi stadig må kjøpe nye sokkar? Sokkar blir jo slitt uansett så det synes eg er ganske unødvendig!
Når sokkane kjem ut av maskinen og er blitt til ein istedenfor to så legg eg dei i ein skuff. Der ligg dei og ligg dei i håp om at den andre sokken skal dukke opp.
Tilslutt er det eit berg av sokkar der og skuffen går ikkje igjen lenger. Då ligg dei litt til og så tar eg dei fram for å sjå om dei har blitt til to igjen.
Og faktisk er det mange av dei som på mystisk vis har blitt to igjen. I dette berget var det heile 30 par. Men det var langt ifrå alle som fann igjen partnaren sin. For eksempel alle dei enkle svarte sokkane! Kva er greia med at dei ikkje er like??
 eg har 24 sokkar ikkje 2 tå dei er par
eg har leita 1000 gonga men den andre e kje dar
eg har lagt på kne og skreke
eg har skjellt ut more mi
da får no vera grense for ka ein finn seg i!!!

1 kommentar:

Fru Lykle sa...

Eg anbefala å innføra forbud mot heilsvarte sokka, så slepp du jaffal jetteleik når dei skal sorterast! :) For manna som bare skal ha svarte sokkar anbefala eg 10pkn-sokkar frå H&M med smal farga kant heilt øverst.