onsdag 29. februar 2012

Karneval i Rio

Fredag satte me oss på bussen tilbake til Rio De Janeiro. Me kom oss greit fram til Art Hostel, som ligg i Catete. Der blei me møtt av hyggelig personale og for fyrste gong på turen var alt i orden med bookinga.
Fyrste kvelden fekk me tips om å reise til Lapa, som var like i nærheten. Der satte me oss på ein fortausresturant og betrakta folkelivet. Det var fullt av utkledde folk i alle former og fasongar, gamle som unge, frå veldig gjennomførte kostymar til ein enkel hatt. Stemninga i byen var ekstatisk, alle var blide og glade! Etter ei stund tilslutta me oss folkemassen og gjekk litt rundt og kikka. Me fekk veldig mykje oppmerksomhet og til tider blei det litt vel intenst for ei stakkar bondetaus ;)

Linn blei dradd med i ein dans på gato

Lokal parade

Dagen etter gjekk me på sightseeing i nabolaget, blandt anna gjekk me opp trappa i Santa Teresa. Me fekk stedig kommentarar på at me ikkje hadde kostymar på oss, så me fant fort ut at me måtte gå til innkjøp av kostymar for å blanda betre inn. Me fann ein superkoselig liten butikk, driven av tre damer, den eine satt og sydde kler, den andre ekspiderte oss (hjalp oss av og på med kler) og gamlemor sjølv satt på ein stol og smilte og såg på. Eg, Martine og Linn Jeanette kom ut med kvar vår superstilige heimesydde kjole. På gato kjøpte me oss masker og parykkar.

Trappa i Santa Teresa

Blocos (gatefest)

Tilbake på hostellet storkoste me oss på vorspiel med sminking og ordning. Etterkvart som kostymene kom på tredde nye personlighetar fram. Møt LoLita, Diana, Minnie, Sugar og Candy her :)
I håp om å få dansa litt samba reiste me ner til Ipanema beach for å sjekke ut livet der. Me fann liv, men ikkje samba, der var det derimot raveparty! Så har me opplevd det også. Eg og Linn Jeanette heiv oss med i dansen medan dei andre hadde nok med å fordøye at dei faktisk høyrte på tekno ;)

Diana, LoLita, Candy, Sugar og Minnie klar for å erobra byen. 

Dagen etter bytta nokon av oss parykkar og personlighet på ny.  Me gjekk ner til stranda i Flamengo og eg nøyt dei siste strålar med sol på kroppen for ei stund.



Om kvelden hadde me sikra oss billettar til Samba Drome, eit virkelig høgdepunkt av karnevallet. Samba Drome er den store paraden som blir vist på TV kvart år. Det er ein heilt vannvittig størrelse på tribuneområdet og på sjølve paraden. Det heile begynna kl 21.00 og varte til neste morgon. Det er fleire paradar der ulike sambaskular viser seg fram, med sambadansing og fantastiske kostymar. På tribunen var det kjempestemning og der var det bare å slenga seg med i rytmane.



Ein perfekt avslutning på ein super tur ilag med super kjekke jenter. Igjen; takk for turen jenter, og god tur vidare :) 


1 kommentar:

Unknown sa...

ÅÅåå da såg gøy ut!!! :)