torsdag 10. februar 2011

Kjekt å ha!

Helt i fra tidenes litt utpå dagen,
Da Adam og Eva ble jagd ut av hagen,
Har sjølberging vært alfa og omega.
Vi har skaffet oss saker av alle slag
Som er kjekke å ha på en regnværsdag,
Og det bærer kjeller'n min preg a'.
Jeg har roterende barskap med rød lanterner
Og batteridrevet nesehårsfjerner,
Vinkelslipper og kortstokkemaskin
Og fire årganger Rin-TinTin
Og boblebad på hjemlån og telefax på do,
Den kan nok helt sikkert brukes til no'.
(Øystein Sunde)


Mang ein gang har me ledd godt, rista på hovudet og sagt "du ska vell spare på den og du?" "Ja kan jo ikkje kaste den, kan jo hende me får brukt for den ein dag", får me til svar. 
Og jaggu har me fått brukt for mykje rart når me har pussa opp. På badet utvida me døropningen. Den som var der var så smal at me måtte gå sidelengs inn, så litt breiare opning måtte til. Men då blei døra for lita. Me kunne jo alltids kjøpe ein ny, men den ville jo bli ulik dei andre. Men det var ingen problem, for gamle dører av samme sort var det fleire av i skjulet. Den som passa best i opningen var ei glasdør, litt upraktisk på badet, så me bytta den med den i stova. Ein anna ting som vart rota fram frå loft og kjellar var ein bit tapet, prikk lik den som var her, så slapp me å tapetesere om heile stova :)
Me ventar endo på dusjsystemet med dusjvegger og dusjhovud. I mellomtida kjøpte me eit dusjhovud på europris. Etter to dusjar sto vannspruten til alle kantar, og var heldige om nokre av strålene traff kroppen. Men trur du ikkje det fantes eit gamalt dusjhovud i garagen?
Me kjem nok fortsatt til å trekka på smilebandet og rista på hovudet når du kjem trekkande med noko som skal på loftet/boden/garagen/skjulet, men innerst inne tenker me "ja, me kan jo få brukt for det ein vakker dag".


Kjekt å ha, kjekt å ha.
Ikke kast den, du får nok bruk for'n en vakker dag.
Jeg har tennissko for tennishaller, jeg har tennisalbu og tennisballer,
Også jeg som aldri har satt mine ben i en rekkert.
På veggen der har jeg et barometer,
Jeg ser aldri på det, men jeg vet hva det heter,
Og hvis nabo'n sku' kle seg naken, så har jeg kikkert.
(Øystein Sunde)

Ingen kommentarer: