onsdag 17. august 2011

to heltar


På Rhodos fann eg denne toppen med to av mine musikalske heltar på. Den måtte eg sjølvsagt ha, det var jo nettså den var laga til meg. Heltane er Kurt Cobain frå Nirvana og Bob Marley ♥
Dei to andre som er avbilda er eg noko usikker på kven er... Nokon som veit?

Nirvana begynna eg å lika fordi søstero mi likte dei. Men det gjekk snart over til ekte lidenskap. Kurt Cobain var nok min første musikalske forelskelse. Eg hadde poster av han hengande på rommet og skreiv stil om han på barneskulen.



Bob Marley e jo bare toppen av feelgood musikk! Ein må jo bli i godt humør av å høyre på dette :)
"Don't worry about a thing, Cause every little thing gonna be all right!"

tirsdag 16. august 2011

Shopping med søstrene

Ei ny veke er godt i gang og ei innhaldsrik helg ligg bak meg. På fredag reiste eg til storesysto og familien hennar. Ho har to herlige jenter som tante storkose seg med :)

På lørdag møttes alle 4 søstrene Bakke i Bergen klare for shopping. Anledninga var å feire storesysto sin 30 årsdag. 4 søstre på shopping i lag kan jo tenkast å få dramatiske utfall, men faktisk så gjekk det knirkefritt og me storkoste oss alle saman. Og bæreposane blei mange, iallefall i mitt tilfelle. Det er ikkje så ofte me treffes alle søstrene samtidig men det er veldig kjekt når me får det til. Dagen frista til gjentakelse jenter :)


Etter dei to elste reiste heim til sine små, var eg og vetlesysto på DnB NOR sin gratiskonsert på Torgalmenningen. Bergen Filharmioniske Orkester spelte ilag med ulike bergensartistar. Høgdepunktet var nok Young Dreams, eit nytt band som høyrtes lovande ut. Lars Vaular gjorde seg også overaskande bra med orkestermusikk. Sjølvsagt blei det heile høgtidlig avslutta med nasjonalsangen til Bergen; Nystemten - dei e virkelig nåke for seg sjølv desse bergensarane :) Etterpå var det DnB nachspiel med gratis mat og drikke, og det gjekk jo som det måtte gå ;) Kjekt var det iallefall.

Ha ei strålande veke!

mandag 8. august 2011

Silkekjole

For fleire år sidan arva eg ein kvit silkekjole av tanta mi. Strikken måtte strammast noko og når eg først var i gang med det tenkte eg at eg kunne jo endre litt på designen og. Eg demonterte difor heile kjolen. Kjempe ide! Det ente med at den blei liggande i diverse skuffer og skap, bortgjømd og slett ikkje ein silkekjole verdig. Eg har hatt fleire idar oppover korleis eg kan fikse den, men har aldri gjennomført nokon av dei. Eg har fleire gongar angra på at eg ikkje bare hadde den slik den var, for den var jo fin slik.
Her ein dag satt eg og surfa på nettet og var innom nokre klebutikkar. Då plutselig såg eg heilt for meg korleis eg skulle ha kjolen. Eg gjorde det heilt enkelt, sydde ein saum oppe og drog eit silkeband gjennom, rynka til og sydde saman i sidene. Endelig er silkekjolen klar til bruk!



onsdag 3. august 2011

Orden i sysakene

Syrommet er no så godt som ferdig. Kjekt med eit eige rom der symaskina og diverse prosjekt kan stå framme. 

 Godt med eit skap med plass til å samla stoff, gamle prosjekt og ymse syutstyr. Tråsnellestativet er kjøpt hos Frøken Fryd.

 Boksar frå Ikea som er kjekke å samle småting i. Skal ha nokre fleire av dei.

 Eg har laga meg ein pose til å ha stikkepinnar og heklenåler i.


 Gjesteseng har også fått plass. FlowerPower Gardiner og sengeteppe sydd i stoff frå Ikea.


onsdag 27. juli 2011

Ferietur og ripsgele

I forige veka var eg på besøk hos Besto og Besten på sørvestlandet. Der var me alltid på ferie når me var små. Der er mange gode barndomsminner kommen til. Den gongen var det kjempe langt å reisa og allereie etter 30 min begynna me å spør om det var langt igjen. Bilsjuke var me og. Ååå men så kjekt det var å komme heim til gode Besto og Besten. Det var det denne gongen og.
Mange timar sat eg fasinert og høyrte Besto fortelje historiar frå sitt 90år lange liv. Ho fortalte om ei anna verd, ein annan virklighet. Gode timar.

 Besto er ein multikunstnar som alltid har eit prosjekt på gong. Ho har til dømes fletta dette piletreet. Ganske dekorativt å ha i hagen synes eg.

Besto og Besten bur i nærheten av Eik, der Eik Treskofrabrikk ligg. Det er Norges einaste treskofabrikk og dei lagar masse fine tresko som dei sel over heile landet. Me var innom fabrikken og eg falt for desse fine treskoa som fekk vera med meg heim :)
Eg spurte besto om ho hadde oppskrift på ripsgeleen ho lagar. Den gode ripsgeleen eg huksar så godt. Ho hadde ingen oppskrift, men forklarte framgongsmåten. Eg skreiv det ikkje ner, så eg måtte stole på hukommelsen når eg kom heim og skulle prøve. Fyrst måtte eg altså plukke rips. Eg plukka og plukka i opptil fleire minuttar. Me kan vell vera einige om at det er ganske kjedelig å plukke bær? Dei er jo så små og gjer så lite av seg. Når eg var fornøygd med mengda, bar det heim og eg kokte bæra i litt vatn. Etterpå helte eg dei over ein saftduk (som faktisk er ein duk laga spesiellt for safting! eg fekk den av Besto) så safta blei silt ut. Det viste seg at eg hadde laga heile 4 dl saft! Dette satte eg på kok og hadde i 4 dl sukker. Eg hadde bare vanlig sukker og ikkje syltesukker sånn som Besto sa eg skulle. Så sto det og trakk ei tid før det var blitt til gele! Fantastisk! I går skulle eg smaka på geleen min. Nybakt bolle med ripsgele = NAM. Eller ikkje. Verken konststens eller smak blei særlig bra. Litt usikker på kva eg gjorde feil, men eg får nok prøva igjen ein annan gong. Eg er jo tross alt i besittelse av ein saftduk.

Mitt lille land

I dag sit eg her med ei kjensle av stolthet. Eg er stolt over å vera norsk. Av å vera del av eit folk som reagerer med KJÆRLEIK, OMSORG og ÅPENHET i møte med det grusomme. Det står i sterk kontrast til rop om HAT og HEVN, som me har sett døme på i andre land. Det er rørande og imponerande å høyre AUF-ungdommen ytre at slik vil me reagere. Når dei som har stått ansikt til ansikt med han og sett grusomheten med eigne auger klarer det, så må me andre klare det og. Det gjer godt å tenke på at ved å reagere slik oppnår han ikkje det han ville. Han har bare tapt.
Dei første timane etter bomba i Oslo, satt eg faktisk å tenkte: "kor blir det av  Jens Stoltenberg? No burde han snart sei noko, NO burde han stå opp som ein leiar for landet". Og det gjorde han, så til dei grader. Eg er mektig imponert over den mannen! Han er hardt ramma personlig, likevell klarer han å stå opp og sei alle dei rette tinga. Og samle eit heilt folk.
Det gjer vondt i hjerte å tenke på alle dei som så urettferdig blei reve vekk frå livet, alle dei som har mista sine kjære og alle dei som har hatt traumatiske opplevingar i møte med denne grusomheten. Det kjem det nok alltid til å gjere.

lørdag 23. juli 2011

22. juli 2011

Ubeskrivelig trist. Meiningslaust. Mine tankar går til alle dei involverte og pårørande.  

mandag 11. juli 2011

Deilige Rhodos

Avslapping, sol, varme, bading, byvandring, god mat og drikke, herlig stemning.

 

Bonden min ordna seg fri ei veke, så då var det bare å nytta på. Rett ut på reisebyrået og tre dagar seinare satt me på flyet, på veg til sola og varmen som for tida er å finna i Hellas. Me budde i Rhodos by, ein virkelig flott by, spesielt gamlebyen der me tilbrakte mykje tid... og pengar. Føle eg har bidratt med mitt til den greske økonomien iallefall ;) Så får me håpa sommaren kjem ein tur her og snart.


lørdag 2. juli 2011

Edderkoppen, ein harmlaus skapning, eller?

FRYS! Pulsen aukar, følelse av ubehag brer seg i kroppen, FLUKT høyres ut som ein god plan!

Eg har nokre fobiar, og edderkoppfobi, eller Araknofobi som det heilter på fint, er ein av dei. Ein i utganspunktet harmlaus skapning, som kan bli livsfarlig på grunn urasjonelle handlingar utført i angstens hete. I følge Wikipedia (som jo er ei truverdig kjelde;) er eg ikkje aleine, heile 50% av kvinner og 10% av menn blir skjelven i buksa av lille Petter edderkopp.

Kva i all verda kjem det av? Dei aller fleste edderkoppar er jo faktisk heilt ufarlige, noko eg prøver å seie til meg sjølv når eg møter på dei. Den e snill, den e snill, den e snill - SPRING! eller i allefall hald auge med den, så den ikkje kjem nermare!
Det er noko med at dei er så små at dei kjem seg til over alt. Dei klatrar opp vegger og går i taket, hiv seg utfor og heng der og dinglar i lina si. Og så er dei så fryktelig kjappe!
Dei er overlegne, og ukontrollerbare.
Det er og noko med dei lange ekle beina til den vetle kroppen. Stankelbeina har jo enda lenger bein, men dei synes eg ikkje er det minste ekkle, kanskje fordi dei er så klumsete at dei blir jo nesten søte.

Så kva gjer eg når eg møter ein Petter på min veg? Helst tar eg omvegar. Bruker eit anna par sko enn dei eg hadde tenkt for Petter sit farlig nær dei andre. Ein sjeldan gang er eg så tøff at eg hentar eit glas og plasserer det oppå han. Eit veldig kritisk øyeblikk sjølvsagt, eg har ikkje så lange glas, så eg må farlig nerme, og han kan jo komme til å stikke akuratt  i det eg skal sette ned glaset. I verste fall vil han springe mot meg! Pust rolig, dette går bra -VÆÆÆ han rører på seg! 


Planen med å sette glaset over han er jo sjølvsagt å få han oppi det for så å frakte han ut i frihet. For eg likar ikkje å måtte drepe han, det er jo ikkje hans feil at eg er latterlig redd for han, og dessuten skal det jo bringe ulykke! Men for å få edderkoppen oppi glaset trengs ein ny kritisk operasjon, så det kan godt hende han blir ståande der inni glaset ei god stund. Då har eg iallefall kontroll over han og kan konsentrere meg om andre ting enn kor han befinn seg. men tanken kvernar heile tida bak der; det er ein edderkopp i eit glas på gangen, håpar iallefall den er der, kan han ha komme seg ut? 
   
Ein god ide eg får når han er inne i glaset, er å vente på at min kjære kjem heim så han kan ta seg av han. No er det desverre sånn at min kjære har sett eit program på TV om ei som blei kurert med hjelp av eksponeringsterapi og har difor klokketru på det. At han ikkje er psykolog er bare ein bagatell. Så han viser meg korleis eg skal gjere det og så må eg altså likevell til perrs! Grusomt!
Men det går jo bra, eg anar ikkje kva eg er redd for, men det har iallefall ikkje skjedd.


Lille Petter edderkopp, eg har jo eigentlig lyst å vera vennen din, kanskje du kan prøve å vera litt mindre skummel så lenge??? så kanskje ein dag...

fredag 1. juli 2011

Kven et sokkane mine?

Kor blir dei av desse sokkane? Du har eit par på deg, hiv dei i skittentøyskorga, inn i maskinen og når du tar dei ut igjen er den eine forsvunne! Og alltid bare den eine, ikkje begge to.
Er det vaskemaskina som tar dei? Og kva gjer ho isåfall med dei? Eller er det sokkeindustrien som har programert det slik at den eine går i oppløysing etter ei viss stund, slik at vi stadig må kjøpe nye sokkar? Sokkar blir jo slitt uansett så det synes eg er ganske unødvendig!
Når sokkane kjem ut av maskinen og er blitt til ein istedenfor to så legg eg dei i ein skuff. Der ligg dei og ligg dei i håp om at den andre sokken skal dukke opp.
Tilslutt er det eit berg av sokkar der og skuffen går ikkje igjen lenger. Då ligg dei litt til og så tar eg dei fram for å sjå om dei har blitt til to igjen.
Og faktisk er det mange av dei som på mystisk vis har blitt to igjen. I dette berget var det heile 30 par. Men det var langt ifrå alle som fann igjen partnaren sin. For eksempel alle dei enkle svarte sokkane! Kva er greia med at dei ikkje er like??
 eg har 24 sokkar ikkje 2 tå dei er par
eg har leita 1000 gonga men den andre e kje dar
eg har lagt på kne og skreke
eg har skjellt ut more mi
da får no vera grense for ka ein finn seg i!!!