fredag 25. februar 2011

Bønder på prøve

Denna helgo skal me stia på garden me tenker på å kjøpa og får såleis ein smakebit på bondelivet. Me er jo ikkje ukjent med det frå før nokon av oss, men no er det litt meir på alvor.  


Før me kunne gå i gang var me innom FK-butikken og kjøpte fasjonable kler.


Ilse støvlande måtte vike plassen til fordel for nye grønne støvlar.


Etter første kvelden i floren har eg ein god følelse! Noko tungt arbeid, men veldig koselig. Eg gjekk rundt å nynna heile tida, det må vera eit godt tegn :)





Fornøyde med dagens insats!
Spørst kor fornøyd eg er når me skal opp i måro tidlig?

torsdag 24. februar 2011

Montering

Montering er den kjedeligaste delen av eit strikketøy. Du trur du er ferdig når du er ferdig å strikke, men egentlig er det langt der i frå.
Hausten 2009 begynna eg å strikke ei jakke til meg sjølv. Det gjekk vinter og vår, bokstavlig talt, før eg var ferdig med strikkinga. Då var eg så lei av heile strikketøyet at eg la det vekk. Det var jo uansett blitt så varmt i været at ei ulljakke ikkje var mykje bruk for (alle huske vell den varme sommaren me hadde i fjor? ;). Eg hadde likevell som mål å få den ferdig montert til neste vinter, men sidan eg ikkje synes montering er ei spesiellt spanande oppgave, har det blitt utsett. Fant det likevell fram for ein god del veker sidan. Eg gjekk i gang med godt mot. Begynna med å sy saumar med symaskin og klyppe opp til armane og i fronten. Dette gjekk jo leikande lett!  


Prøving og feiling med ulike typar sting førte til FRUSTRASJON. Fekk det ikkje til å bli fint. Eg la strikketøyet ner i strikkeveska igjen og skubba den lenger og lenger under sofaen.


 Så fekk eg ein god ide! Eg tok strikket med heim til mor og vips, der var det gjordt i ein fei :) Takk for hjelpa mamma! Fekk prøva meg litt sjølv og, så kanskje eg kan det til neste gong?


Deilig å vera ferdig! Då kan eg gå i gang med nye strikkeprosjekt med god samvittighet. Og endo er det kaldt nok til å bruke jakka :)

tirsdag 15. februar 2011

fredag 11. februar 2011

kjølekapsmagnetar

Eg synes det er veldig artig med bokstavmagnetar på kjøleskapet. Har hatt lyst på det lenge, men i byn hadde me innebygd kjøleskap, så da blei litt uprasktisk. Her har me eit godt gammaldags kjøleskap og magnetane er på plass.


Desse magnetane kjøpte eg i den stiligaste butikken i London. Mangle nokre bokstavar, men da får gå.


Akkuratt då eg var ferdig å skrive dette kikka sola inn gjennom kjøkkenvinduet. Fantastisk :)


Så då heiv eg på meg kleda og gjekk meg ein tur i det herlige været. Blir virkelig i godt humør av sola :)

torsdag 10. februar 2011

Kjekt å ha!

Helt i fra tidenes litt utpå dagen,
Da Adam og Eva ble jagd ut av hagen,
Har sjølberging vært alfa og omega.
Vi har skaffet oss saker av alle slag
Som er kjekke å ha på en regnværsdag,
Og det bærer kjeller'n min preg a'.
Jeg har roterende barskap med rød lanterner
Og batteridrevet nesehårsfjerner,
Vinkelslipper og kortstokkemaskin
Og fire årganger Rin-TinTin
Og boblebad på hjemlån og telefax på do,
Den kan nok helt sikkert brukes til no'.
(Øystein Sunde)


Mang ein gang har me ledd godt, rista på hovudet og sagt "du ska vell spare på den og du?" "Ja kan jo ikkje kaste den, kan jo hende me får brukt for den ein dag", får me til svar. 
Og jaggu har me fått brukt for mykje rart når me har pussa opp. På badet utvida me døropningen. Den som var der var så smal at me måtte gå sidelengs inn, så litt breiare opning måtte til. Men då blei døra for lita. Me kunne jo alltids kjøpe ein ny, men den ville jo bli ulik dei andre. Men det var ingen problem, for gamle dører av samme sort var det fleire av i skjulet. Den som passa best i opningen var ei glasdør, litt upraktisk på badet, så me bytta den med den i stova. Ein anna ting som vart rota fram frå loft og kjellar var ein bit tapet, prikk lik den som var her, så slapp me å tapetesere om heile stova :)
Me ventar endo på dusjsystemet med dusjvegger og dusjhovud. I mellomtida kjøpte me eit dusjhovud på europris. Etter to dusjar sto vannspruten til alle kantar, og var heldige om nokre av strålene traff kroppen. Men trur du ikkje det fantes eit gamalt dusjhovud i garagen?
Me kjem nok fortsatt til å trekka på smilebandet og rista på hovudet når du kjem trekkande med noko som skal på loftet/boden/garagen/skjulet, men innerst inne tenker me "ja, me kan jo få brukt for det ein vakker dag".


Kjekt å ha, kjekt å ha.
Ikke kast den, du får nok bruk for'n en vakker dag.
Jeg har tennissko for tennishaller, jeg har tennisalbu og tennisballer,
Også jeg som aldri har satt mine ben i en rekkert.
På veggen der har jeg et barometer,
Jeg ser aldri på det, men jeg vet hva det heter,
Og hvis nabo'n sku' kle seg naken, så har jeg kikkert.
(Øystein Sunde)

tirsdag 1. februar 2011

ikkje akkuratt grøne fingrar.

Eg får ikkje heilt til dette med blomar. Eg synes det er veldig fint med mykje blomar i ein heim, det gir meir liv og stemning i heimen. Hos meg er bare problemet at gleda som regel ikkje varar så lenge. Eg veit ikkje heilt kvifor, dei får jo vatn i ny og ne...

Denne orkideen var eg veldig stolt av. Den kom nemlig blomar på ein gong til, men så var det stopp.

Dette er vel ein juleblom som ikkje skal vara så lenge... eller?

På bakgrunn av mine manglande grønne fingrar synes eg det er svært kjekt med grøne planter som denne. Robust og fin.. håpar eg. Ein gong klarte eg faktisk å drepe ein kaktus!

Bukettar er også kjekt! Nydelige så lenge dei varar, og så er det ikkje meininga dei skal vara så lenge :)