onsdag 27. august 2014

Livsteikn frå huset ved sjøen

For ein sommar me har hatt! Me har kosa oss heime denne sommaren og kunne ikkje bedt om bedre forhold :) Me har virkelig fått maks utbytte av stranda og plenen. Plenen laga me i vår, greit å ha maskinparken på plass då.  

 Det var likevell ein del å gjere for hand. Vetleguten plukka stein til den store gullmedaljen. 

Ein plen må haldast vedlike! 

Her har me bada mykje i sommar! Ei stund var det jo reint behagelig å komma seg uti! Vetleguten blei tøffare og tøffare. Det kjekkaste er å spruta vatn på mamma ;) 

Gode minner å ha med seg inn i ein travel haust. Vetleguten er begynna i barnehage og eg begynner snart å jobbe for fullt igjen.