søndag 23. desember 2012

God jul i stova!

Desember har vore travel med jobb, skule, eksamen og ein mage som veks og veks. Me var komme heilt til 15. desember før me fekk vaska huset og pynta til advent, akkurat i tide til å tenne 3. lyset i adventsstaken ;) I dag kom juletreet på plass og med det eit snev av julestemning. 
Eg har mine første dagar i permisjon og satsar på late dagar framover. Det har gått fint så langt (skulle bare mangla sidan det bare har vart ei langhelg enda :), men har ein mistanke om at rastlausheten kjem snikande etterkvart. 
Kom over eit fototips på bloggen Stines Hjem om korleis ein får juletrelysa til å lysa som stjerner og blei inspirert til å ta nokre bileter av juletreet vårt. Her går det i raudt, med raude kuler og raude hjerter som den kreative besto mi har laga, både i filt og i never. Ho har og laga dei små søte dompappane som sit innimellom greinene.  







GOD JUL!