tirsdag 30. oktober 2012

Ein smakebit av Ikea

For øve to veker sidan var eg på Ikea-handel. Har funne ut at me treng ein del ny oppbevaringsplass no som me skal bli ein til i familien. Eg fekk god hjelp av søstera mi, og saman var me der i maaaange timar. Bilen blei heilt full, og då meinar eg heilt full!
Fremdeles står dei fleste eskene stabla på kontoret i vente på å bli skrudd saman, men eg har no begynna så vidt i ein ende.


Ein liten smakebit av kva som kjem. Det måtte jo bare bli grønne frontar! Sånn går det når eg blir slept ut på handletur aleine, min kjære hadde nok foretrekt kvite frontar ;)


Ny kommode i gangen, med betre plass enn i den gamle. Gledar meg til å ha fått skrudd saman resten og fått alt på plass. Då ventar ein ny Ikea tur, for eg fekk ikkje med meg alt eg trengte, kan vita :)

mandag 8. oktober 2012

Skrekkblanda fryd

Skrekkblanda fryd er ganske dekkande for korleis det føles å vera gravid. Ein miks av følelsar, både skummelt og gledelig. Skummelt fordi det blir ein heilt ny situasjon, ei stor endring i livet som me egentlig ikkje veit kva innebærer. Vil eg forandra meg? Korleis vil me takle å bli foreldre? Korleis skal eg klare meg med mindre søvn? Var dette egentlig så lurt?... er blandt tankar som dukkar opp. Det er veldig rart å tenke på at denne totalt ukjente personen, i løpet av januar skal bli det viktigaste i livet vårt!
Eg er iallefall glad for at ein graviditet er 9 mnd, for eg har nettopp begynna å venne meg til tanken på at det faktisk kjem ein baby ut av dette. Og eg gledar meg :) eg trur det kjem til å bli veldig koselig og håpar eg vil trivast i den nye rolla som mamma! Til og med har eg begynna å gleda meg litt til å ha permisjon. Noko eg før har tenkt at må vera ganske kjedelig ;)
Forige veke begynna eg  så smått å handle inn babykler og har planlagt Ikeatur for å handle inn diverse utstyr. Så eg kjenner eg blir meir og meir klar for kvar dag som går.

Eit lite strikkeprosjekt eg er begynna på til den vetle krabaten :)