søndag 5. desember 2010

Ei super helg :)

Denne helga har eg vore i Bergen, har vore på to julebord og besøk hos ei god venninde. På torsdag var det julebord med gamle kollegaer frå Wergeland på Dickens. Veldig koselig å sjå dei igjen og eg savna dei og jobben endo litt meir :)


På fredag var eg på lagunen og fekk gjordt litt ærend. Da vil sei eg fekk sost litt rundt og egentlig ikkje gjordt halvparten av det eg skulle. Ikkje fann eg gardiner heller. På kvelden besøkte eg mi gode venninde. Sist eg var der spurte hennar 3 år gamle datter om eg ikkje kunne sove hos ho, eg svara at det får bli ein anna gong. Så denne gongen var ein anna gong og eg var på overnattingsbesøk :)

julekortproduksjon

Etter eg har flytta frå byn er eg no blitt ein reser på å køyre i byn! Litt ironisk, det er jo ikkje meir enn eit par månader sidan! Då kvidde eg meg for kvar gong eg skulle ut og køyra og køyreturane var prega av nervøsitet. No har eg bare satt meg i bilen og ikkje tenkt særlig meir øve da! I går starta eg dagen på Ikea. Ikea ein lørdag i desember! Eg trakk pusten før eg gjekk inn og tenkte at no e da bare til å bevara roen og ikkje la deg stressa! Da gjekk faktisk øverraskande greit, sjølv om eg kjente irritasjonen stiga litt når folk satt handlevogner i frå seg slik at dei sperra vegen for alle andre!! Fekk ikkje tak i alt eg hadde tenkt her heller men litt fekk eg no med meg ut att. På parkeringsplassen traff eg tilfeldigvis på søstera mi Anna og kjæresten Sindre. Fleire som synes Ikea på ein lørdag i desember var ein god ide :) Og etterpå møtte eg søstera mi Karna og min veldig sjarmerande tanteunge :)
I går kveld var det klart for julebord nummer to. Vennindejulebord med tre gode venner :) Me pleie sjelden å klara å treffast alle samtidig, men fekk det altså til no! Me var på Bølgen og Moi og åt. Nydelig mat og fantastisk service! Veldig kjekk kveld jenter! Da må bli ein årleg tradisjon!



I dag har eg sove lenge og no skal eg rydda litt i leiligheten før eg reise på heim igjen.

Ingen kommentarer: