fredag 8. april 2011

Jakten På Den Perfekte Mascara

Eg har endo ikkje funne den perfekte mascaraen.
Når eg har brukt opp ein mascara prøver eg eit nytt merke for å finne ein som kan gi dådyrblikket reklamane lover.
Som regel gir dei bare eit heilt greit resultat, medan nokre klumpar og andre renn.
På reklamane virkar det som om kvar nye mascara er ein revolusjon som endelig har knekka koden.
Eg synes eigentlig det blir til dårlig reklame når dei langt i frå kan halde det dei lovar. Dei får kanskje påverka meg nok til å prøve mascaraen ein gong, men eg kjøper den jo ikkje igjen, når heller ikkje denne var den perfekte.
Eg trur det hadde solgt betre om dei bare hadde sagt det slik det var. Det hadde iallefall vore lettare å velge ein mascara som har dei eigenskapane ein leita etter.


Dette er mascaraen eg har kjøpt flest gonger. Den gir ein fin kvardagslook, men ikkje veldig volum, som namnet tilseier. Den er iallefall grei med det at eg ikkje sølar så mykje med den.
Då snakkar eg om flekkane som kjem på augelokket og under auget under påføring.
Dette skjer uansett mascara, men meir med nokre enn med andre. Endo kor mykje eg står der og gapar, så kan eg ikkje ta på meg mascara utan å ha ein bommulspinne parat.
No er mascaraen min blitt tørr, og eg må atter ein gang ut på jakt. Men eg likar ikkje når mascaraen er heilt ny, då er den alt for rennande, så det tar litt tid før ein kan stadfeste at det ikkje var den perfekte som blei med heim denne gonen heller.
Påvirka av nok ein reklame har eg denne gongen sett meg ut Maybelline one by one volumm express, som skal gi perfekt fylde utan å klumpe! Eller har kanskje du eit tips til ein annan eg bør prøve??


God helg!

4 kommentarer:

Kjersti sa...

Lancome Hypnose! Prøver du den er letingen slutt;)

Hakunamatatablogg sa...

ok :) Då skal eg prøve den!

Kjersti sa...

Bra valg:) Den er veldig dyr da (pleier å kjøpe på tax free, men går tom av og til og må kjøpe på parfymeri..), men jeg synes den er verdt det! Kommer i flere varianter, jeg for min del synes Precious Cells er den beste.

marte sa...

shiseido er eit bra merke syns eg..men så få parfymeri som har det..så ender ofte opp med alt mulig "drit" eg og:(