lørdag 3. september 2011

Forvirra

Eg synes ofte det kan vera vanskelig å velge. Særleg om ein har mykje å velge mellom. For eksempel kva me skal ha til middag. Eit hav av mulighetar, men ingen idear. Og kva skal ein velge ut frå? Kva eg har lyst på? kva som er sundt? kva det er lenge sidan me har hatt?
Snart er det kommuneval og eg har jo sjølvsagt tenkt å stemma, men i ein vrimmel av parti er det ikkje lett å finna ut kven eg skal stemma på.
Har prøvd å følga litt med i dei lokale debattane. Problemet er jo att alle ser ut til å meina da samma! Dei e jo heilt enige! Bedre skule, bedre eldreomsorg, bedre infrastruktur o.s.v. Ja sjølvsagt er ingen ueinge i det, men kva skal det gå på bekostning av, og kva meinar dei eigentlig med betre? Eg synes alle partiprogramma skulle hatt eit avsnitt med kva dei vil nedprioritere for å få til alle dei fine lovnadane sine. Då hadde det vore lettare å gjere eit bevisst val.
Eigentlig synes eg det burde vore ferre parti å velge mellom, så hadde det kanskje blitt tydleligare forskjellar mellom dei. Og så hadde kanskje partia blitt store nok til å faktisk fått gjennomført politikken sin og. Ein ting eg ikkje liker er når partia på førehand går ut og seier kven dei har tenkt til å samarbeide med etter valet. Er det ikkje betre å finne det ut etterkvart? Sammarbeide med ulike parti i ulike saker? Eller så kunne dei vel liksågodt bare slått seg saman med det samme?
Eg har prøvd å ta ulike valgomatar på nett for å prøve å bli klokare. Det blir eg såvist ikkje. Når bare få prosentar skiller kor eing eg er med Raudt og FRP er det noko som ikkje stemmer. Iallefall blir det ikkje lettare av at dei tre valgomatane eg har tatt seier eg er mest ening med tre ulike parti.
Jaja eg har no framleis ei god veke på å finne ut kva eg skal velge ut frå. Kven eg vil ha som ordførar? Kven som ligg nermast mitt verdisyn? Kven som lover mest gull og grønne skogar? Det er nemlig ikkje nødvendigvis samme parti.
Godt val!

Ingen kommentarer: