fredag 2. desember 2011

Julekalender :)

Eg har i fleire år laga pakkekalender til min kjære. Fordi eg synes det er koselig. Får julestemning av å pakke inn 24 små pakkar. I år kjente eg at inspirasjonen ikkje var heilt på plass, så eg lurte på om eg skulle droppe heile kalenderen. Istaden foreslo eg for min kjære at me kunne ha kalender annakvar dag i år, eine dagen til han og andre dagen til meg. Ideen fekk vel heller laber mottagelse, så eg tenkte at då blir det ikkje noko kalender i år. Så nokre dagar seinare seier min kjære at me får no laga kalender til kvarandre til kvar dag. På julehandel i Haugesund fekk han kjøpt alle pakkane, og 30. november låg det ein haug av gaver på golvet :) Eg e imponert!Og føle meg veldig heldig  :) Og så e da jo så kjekt med pakkekalender! Eg glede meg til å åpna dei. Nesten så eg ikkje klare å venta! Neida eg har ikkje kneppt på dei altså! nesten ikkje iallefall ;) 


 I dei to første pakkane har eg fått adventskalendera :) Ein smarties og ein flax. Søte kjæresten min :) 


2 kommentarer:

Fru Lykle sa...

Så gøy! snille flinke Pelle :)

Unknown sa...

Så flik han er ;) Eg fekk kinder sin adventskalender i min pakkekalender. Sindre blei med på annakvar dag,føle meg veldig heldig eg og!