tirsdag 24. januar 2012

Inspirasjon

Til jul fekk eg eit abbonoment på SY magasin av mine kjære søstre med familiar. Ein super gaveide! Eg har venta og gleda meg og i dag kom det endelig i posten. Det er fullt av inspirasjon og oppskrifter, så kjekt!
Bladet minner meg om folkehøgskulen, der eg gjekk på tekstilforming og interessa for søm eigentlig starta. Der var me på biblioteket i Koparvik og lånte utgaver av eit sy-magasin og bestillte stoff frå Stoff og Stil i bøtter og spann. Gode minner :) Kjenner kreativiteten snik seg på når eg blar gjennom magasinet. Håpa det gir seg utslag i praksis også.





Enn så lenge skal eg kosa meg med inspirasjonen og ein god kopp te!
God kveld til deg :)

1 kommentar:

marte sa...

..ja det er nettopp det me og håpar på...at det skal gje seg utslag i praksis og...