søndag 26. februar 2012

Paraty

No er eg trygt heima igjen i Norge og ferien virke nesten som ein fjern draum allerede. Har virkelig hatt ein fantastisk tur med masse opplevelsar på kort tid. Her kjem ein liten oppsummering av veka i Paraty.
Me tok altså bussen til Paraty, ein liten landsby sør for Rio, som blir kalla ein parodi på eit postkort. Byen er full av fargar, på hus, båtar og natur. Eg elska da!


Dei fyrste 3 dagane daffa me rundt, det var det overskya og innimellom kom det kraftige regnbyger som gjerne varte nokre timar. Då var det bare å bli sittande der me var. Eine kvelden blei me sittande under eit tak i lag med ein gjeng brasilianske gutungar som såg ut som dei hadde vore på trommeøving, så då fekk me underholdande musikk til regnet. Andre dagen blei me sittande på ein resturant heile kvelden, det som skulle vera ein lett lunsj blei til desert og så til vin.


På tirsdag kom endelig sola tilbake og me var veldig klare for å vera litt meir aktive. Eg, Linn Jeanette og Unni reiste inn i jungelen på ridetur med guiden Raul og to argentinske jenter. Eg såg for meg skikkelig rideskuleopplegg med daffe hestar på stram rekke, men der var det full galopp langs vegane og inn på kronglete stiar i jungelen. Kjempe gøy! Me stoppa ved to fossefall og bada. Det var dei mest fantastiske plassane eg har sett! Etter rideturen reiste me til Trinidade, ei krittkvit strand med krystallklart vatn, der Lisa og Martine hadde steikt seg heile dagen.


Onsdagen bestilte me oss båttur. Ein sjarmerande gammal trebåt med tuk tuk motor kom og henta oss på hostellet, som låg eit stykke opp i elva. Me stoppa ulike plasser for å bada, kvar plass med sitt unike særpreg og kvar plass like idyllisk! Når me skulle på land igjen var fjæra så låg at to båtar hadde satt seg fast på grunna, me blei difor liggande å venta i fleire timar for å komme oss inn til land. Trøtte som me var etter ein dag med masse bading og sol, sovna me alle mann på dei harde trebenkene i båten.



På torsdag var me klare for padletur! Trudde me iallefall. Me starta med ein kort innføring i padleteknikk og fekk beskjed om at den bakerste bestemmer tempoet. Og så for guiden vår avgarde, i ein veldig fart. Han såg seg ikkje tilbake for å sjå at alle hang med heller. Og det var langt! Men likevell; det var nydelig! Komme ikkje nermare naturen enn frå ein kajakk. Me hadde pause på ei strand før me padla vidare inn i mongrovene. Der såg me mange raude og gule krabber og nokre fuglar. Etterpå bar det i motvind til ei starnd der me åt deilig fiskemiddag og tok ein 3 timar lang pause for slitne musklar. Vinden snudde til me skulle heim igjen, så me fekk motvind då og, og bølgene skvulpa over kanten av kajakken. Når frykten for å aldri komma i land var som størst, såg me tre rakkarungar komme hoppande mot oss, som delfinar. Me som trudde me var langt ut på det åpne havet, var vist ikkje på djupare vatn enn rundt 30cm. Gutane heiv seg over kajakkane og eg bare: NAO, NAO!! men så viste da seg at rakkarungane var reddande englar som bare ville dytta oss eit stykke på veg. Kjempe gøy å få litt fart på kajakkane.
Fredagen satt me oss på bussen igjen klare for karneval i Rio.

Ingen kommentarer: