tirsdag 30. oktober 2012

Ein smakebit av Ikea

For øve to veker sidan var eg på Ikea-handel. Har funne ut at me treng ein del ny oppbevaringsplass no som me skal bli ein til i familien. Eg fekk god hjelp av søstera mi, og saman var me der i maaaange timar. Bilen blei heilt full, og då meinar eg heilt full!
Fremdeles står dei fleste eskene stabla på kontoret i vente på å bli skrudd saman, men eg har no begynna så vidt i ein ende.


Ein liten smakebit av kva som kjem. Det måtte jo bare bli grønne frontar! Sånn går det når eg blir slept ut på handletur aleine, min kjære hadde nok foretrekt kvite frontar ;)


Ny kommode i gangen, med betre plass enn i den gamle. Gledar meg til å ha fått skrudd saman resten og fått alt på plass. Då ventar ein ny Ikea tur, for eg fekk ikkje med meg alt eg trengte, kan vita :)

2 kommentarer:

marian sa...

Takk for kommentar Olaug! Kjekt at vi kan møtast her òg då. Visste ikkje at du hadde blogg - men no veit eg. Trekket på Norgesglas-lykta har eg hekla. Faktisk på ein sykafè...

Marian

My Dream sa...

ååå, kjekt m ikea shopping asså, glede meg t å sjå vidare!! ;)

fin kommode... :)