onsdag 3. april 2013

Farge ull

Kvite ullkler e veldig fint på vetleguten synes eg. Då ser han ut som den søte uskyldige engelen han er :) men kvite ullkler får fort flekkar på seg, som ikkje går vekk i vask. Difor har eg testa ut å farge nokre plagg med wilton konditorfarge. Fargane kjøpte eg på amazon.com ( ilag med mykje anna kjekt ;).


Eg tok vatn og eddik i ei ildfast form og la plagga oppi. Hadde Varmt vatn i eit beger som eg blanda fargen oppi og helte det over i forma. Satte så forma i ovnen på 120 grader i ca 30 min. Då var all fargen absorbert inn i plagga og vatnet i forma var heilt blankt igjen. Oppskrifta fann eg her



Resultatet blei ikkje heilt bra, litt skjoldete og svak farge. Eg hadde to bodyar i samtidig så tenkte det kunne vera grunnen. Difor prøvde eg ein gong til med bare eit plagg. Resultatete blei mykje betre, men fortasatt litt skjoldete, men det kan jo vera dei samme skjoldene som satt igjen frå første forsøk?



Når eg først skulle prøva ut konditorfargane måtte eg jo prøva dei på desse gulrotmuffinsane og! Sjølvsagt orange til dei :) Desse muffinsane er best med ostekrem på, men sidan eg ikkje eter mjelk og gluten for tida blei det ein melangeglasur istaden. Melange, melis og eit egg blanda saman. God den og, men ikkje heilt det samme. I muffinsane brukte eg Toro sitt glutenfrie mjøl og fiber husk, dei blei veldig gode :)
  

onsdag 20. mars 2013

Retro kler

Svigemor har tatt vare på kler frå min kjære og søskeno hans var små, desse fekk eg forsyna meg med her ein dag. Synes det var mykje stilig der, og at dei er så godt i hold 30 år etter dei var i bruk er ganske inponerande. Her er eit lite utvalg av det eg fann :) Stilige fargar og stilige snitt!







torsdag 14. mars 2013

Vår

Det er deilig vårfølelse ute med strålande vær! Litt kaldt er det, men så godt det er når sola skin! Snøklokkene er komme i hagen. 




Eg har lyst å gjere nåko inne for å få det meir vårlig der og. Tok med eit par snøklokker inn, men dei blei veldig små ;) Prøvde i går å finne fram dei lilla putene igjen. Dei er jo til og med blomar på! Men synes ikkje det hjalp så veldig.

 

Eg har nemlig lyst på nye puter! I mintgrønn og gul :) litt usikker på den fargekombinasjonen, men inni håve mitt ser da fint ut! Rart da der med fargar, koss da skifte kva eg synes er fint. Er ikkje lenge sidan eg ikkje var veldig begeistra for pastellar, men no har eg altså veldig lyst på eit innslag av mintgrønn i hus :) var på senteret i går og kikka, men fant lite og ingenting! Ikkje har eg funne nåke særlig på nett heller, så da e ein viss fare for at desse putene bare eksistere i mitt håve, hihi :)

torsdag 7. februar 2013

Eit lite syprosjekt

Sidan vetleguten var født for tidlig hadde eg ikkje kjøpt så mykje kler som passa til han på forhånd. Hadde jo fått beskjed om at dei minste størrelsane var det ikkje vits i å kjøpe så mykje av, for dei veks ein jo ut av med ein gong ;) Etter ymse søk på nett fant eg ikkje så mykje spennande kler, og det vetle eg fann var veldig dyrt for eit lite stykke stoff. Så eg tenkte eg kunne like godt sy nokre plagg sjølv. Eg trudde jo eg skulle ha god tid til dette, eg går jo bare heime, men tida fyk og det blir jaggu ikkje mykje tid til sying!?

Eg satte i gang og teikna mønster, prøvde å teikne av ei sparkebukse som passa godt. Men då dei ulike delane var klypt ut var alt skeivt og ingenting passa saman. Så her var det bare å teikne på nytt! Etter mykje prøving og feiling (eg trur aldri eg har rakka opp eit plagg så mange gonger før) var endelig dressen ferdig :) Men då eg skulle prøve den på vetleguten oppdaga eg at åpninga framme i armane var alt for smal, så han fekk ikkje handa ut! Nedtur. Prosjektet blei lagt vekk nokre veker, men i dag tok eg det fram igjen. Eg laga nye armar med trykknapp i, så no passar den. Ja no passar den akkuratt, ikkje ein millimeter for stor ;) Så no får me bruke den flittig før han veks ut av den.


Jaja, om det blei mykje feiling med denne dressen, så har eg iallefall lært korleis det skal gjerast til neste gong! No gledar eg meg til å ta til med eit nytt prosjekt, eg har mykje nytt stoff som ligg og ventar :)

onsdag 23. januar 2013

Termin i dag

I forige innlegg, 23.12, skreiv eg at eg no såg fram til late dagar men at eg var redd eg skulle bli rastlaus etterkvart. Haha, blei ikkje mykje tid til å bli rastlaus her i gården nei. Denne karen hadde andre planar. Om det var begynna å bli for trangt der inne, eller om han bare hadde eit sterkt ønske om å vera eit 2012 barn veit eg ikkje, men 1. juledag kom guten i hu og hast. Eg hadde ikkje tenkt tanken på at eg kunne komme til å føde for tidlig, eg skulle jo bruke den neste månaden på å førebu meg :)
Etter det første sjokket hadde lagt seg har eg virkelig storkosa meg med vetleguten! Me fekk vera ei veke på sjukehuset der me fekk god oppfølging av eit alltid hyggelig personale. Det var likevell ein herlig følelese å få komma heim på nyttårsafta og starte det nye året med vår nye vetle familie. No er det allerede gått ein månad og dagane fyk avgarde. det har no vert herlig å ha han her på utsida av magen denne eksta månaden :)

søndag 23. desember 2012

God jul i stova!

Desember har vore travel med jobb, skule, eksamen og ein mage som veks og veks. Me var komme heilt til 15. desember før me fekk vaska huset og pynta til advent, akkurat i tide til å tenne 3. lyset i adventsstaken ;) I dag kom juletreet på plass og med det eit snev av julestemning. 
Eg har mine første dagar i permisjon og satsar på late dagar framover. Det har gått fint så langt (skulle bare mangla sidan det bare har vart ei langhelg enda :), men har ein mistanke om at rastlausheten kjem snikande etterkvart. 
Kom over eit fototips på bloggen Stines Hjem om korleis ein får juletrelysa til å lysa som stjerner og blei inspirert til å ta nokre bileter av juletreet vårt. Her går det i raudt, med raude kuler og raude hjerter som den kreative besto mi har laga, både i filt og i never. Ho har og laga dei små søte dompappane som sit innimellom greinene.  







GOD JUL! 

torsdag 22. november 2012

Tripp, trapp, tresko

Endelig er skapa på plass på gjesterommet/oppbevaringsrommet, etterkvart blir det vel også barnerommet. Er travelt opptatt med både jobb og skule og det krever vist litt energi og bære rundt på denne babyen i magen, så ting tar tid :) Men i dag fekk eg endelig gjordt siste finish; har sydd ei pute til eine skapet, slik at det kan bruakst som sitteplass. Lenge sidan eg har fått brukt symaskina no, så det var kjekt å komme i gang igjen! Mulig skapa blir bygd på etterkvart vist behovet melder seg, slik at alle skapa blir like høge, men enn så lenge er eg fornøyd med resultatet.




Har så vidt begynna å fylle opp skapet, ikkje komme så langt på den fronten heller. Men eg tenke at ei veka i Haugesund kan få fortgang i sakene. 

søndag 11. november 2012

Orange

Eg likar så godt alle haustfargane! Kjekt å pynte litt inne med den fine haustfargen orange. Orange er også godt og ete ;) så skåla med klementiner er vist plutselig tom.  


tirsdag 30. oktober 2012

Ein smakebit av Ikea

For øve to veker sidan var eg på Ikea-handel. Har funne ut at me treng ein del ny oppbevaringsplass no som me skal bli ein til i familien. Eg fekk god hjelp av søstera mi, og saman var me der i maaaange timar. Bilen blei heilt full, og då meinar eg heilt full!
Fremdeles står dei fleste eskene stabla på kontoret i vente på å bli skrudd saman, men eg har no begynna så vidt i ein ende.


Ein liten smakebit av kva som kjem. Det måtte jo bare bli grønne frontar! Sånn går det når eg blir slept ut på handletur aleine, min kjære hadde nok foretrekt kvite frontar ;)


Ny kommode i gangen, med betre plass enn i den gamle. Gledar meg til å ha fått skrudd saman resten og fått alt på plass. Då ventar ein ny Ikea tur, for eg fekk ikkje med meg alt eg trengte, kan vita :)

mandag 8. oktober 2012

Skrekkblanda fryd

Skrekkblanda fryd er ganske dekkande for korleis det føles å vera gravid. Ein miks av følelsar, både skummelt og gledelig. Skummelt fordi det blir ein heilt ny situasjon, ei stor endring i livet som me egentlig ikkje veit kva innebærer. Vil eg forandra meg? Korleis vil me takle å bli foreldre? Korleis skal eg klare meg med mindre søvn? Var dette egentlig så lurt?... er blandt tankar som dukkar opp. Det er veldig rart å tenke på at denne totalt ukjente personen, i løpet av januar skal bli det viktigaste i livet vårt!
Eg er iallefall glad for at ein graviditet er 9 mnd, for eg har nettopp begynna å venne meg til tanken på at det faktisk kjem ein baby ut av dette. Og eg gledar meg :) eg trur det kjem til å bli veldig koselig og håpar eg vil trivast i den nye rolla som mamma! Til og med har eg begynna å gleda meg litt til å ha permisjon. Noko eg før har tenkt at må vera ganske kjedelig ;)
Forige veke begynna eg  så smått å handle inn babykler og har planlagt Ikeatur for å handle inn diverse utstyr. Så eg kjenner eg blir meir og meir klar for kvar dag som går.

Eit lite strikkeprosjekt eg er begynna på til den vetle krabaten :)