tirsdag 15. mars 2011

Fotoprosjekt - kvitbalanse

For å bli betre kjent med kameraet mitt, har eg tenkt å ha eit lite fotoprosjekt der eg tar for meg ulike funksjonar eller motiv og trenar på desse ein periode.
Eg startar med kvitbalanse. Det er ikkje alltid kameraet fangar fargane i eit bilete slik du ser dei sjølv. Dette kjem av at ulike lyskilder har ulik farge, men hjernen vår korrigerer fargane i ulike lysforhald, slik at kvitt ser kvitt ut uavhengig av lyskilda. Du kan bruke kvitbalanse for enten å få fargane så likt slik du ser dei eller for å skapa dramatiske effektar.
Bli gjerne med på prosjektet! Eller kom med forslag til andre tema.
(På grunn av tregt internett fekk eg ikkje lasta opp bilder i dag, kjem seinare :)

Ingen kommentarer: