søndag 1. april 2012

Grillsesongen i gang


I går fekk me ein skikkelig forsmak på sommaren, sol frå klar himmel! Min kjære og husverten gjekk igang med å legga tak på overbygget på terassen. Me har bygd oss ein stor terasse, begynna i fjor på denne tida, og no satsar me på at me ska få nytta den mykje framøve. Medan mannane snikra gjekk eg igang med å montera grillen, som me har hatt ståande i kassen sidan i fjor. Da va mange delar, så den blei akkuratt klar til me var sultne. Min kjære sklei rett inn i rollen som grillmester :) No gjenstår bare litt småplukk og ein del maling før terassen er heilt klar. Møblar har eg bestilt, glede meg til dei kjem. Håpar eg får tid til ein tur på gartneriet i løpet av veka, så blir det så bra der ute!

Ingen kommentarer: