onsdag 11. april 2012

Nytt syrom og kontor

Det er ikkje lenger sidan enn august i fjord eg posta at eg hadde fått orden i sysakene med eige syrom. No har eg flytta heile syrommet inn på eit nytt rom. Der har me og laga til kontor, så no skal det bli orden i papira og. 




Sybordet har eg fått av svigermor, det er veldig praktisk med to klaffar. Så slepp eg kanskje ligge på stovegolvet og klyppe ut mønster, sånn som eg har gjordt til no? Lampa fann eg på min kjære sitt gutterom, veldig stilig synes eg!


I dag har eg fått stor pakke i posten :) det er utesofaen som er komme. Eg er superfornøyd! Kjem bilde av den ein dag når været blir betre.

Ingen kommentarer: