onsdag 17. november 2010

Fargar

Det er ikkje lett med desse fargane. Dei ser ganske annaleis ut på den vetle fargekartlappen enn dei gjer når dei kjem opp på veggen. Eg har blitt overraska fleire gonger under dette prosjektet. Først var det stova som blei meir lilla enn eg hadde sett for meg. Men eg blei no fornøyd likevell. I går skulle eg velge ut farge til det eine soverommet, som eg har tenkt å bruke som syrom. Eg hadde ikkje tenkt noko særleg over kva farge eg ville ha før eg sto i butikken. Der sto det til slutt mellom to fargar, ein blå og ein beige/brun. Butikken stengte snart så eg måtte ta eit kjapt valg. Eg valgte den brune og angra meg med ein gong eg kom ut i bilen! Eg skulle ha tatt den blå :) Når fargen kom på veggen angra eg endo meir, då den blei ganske annaleis enn eg hadde sett for meg. men men pytt sann! Det får bli som det blei, så får eg heller pynta opp med interiøret. Gledar meg til å få eit eige rom til symaskinen og litt orden i sysakene!

5 kommentarer:

Tre Kusiner sa...

Såg etter dåke i dag, men det var heilt mørkt:(

Klem F

Anna sa...

hehe.. Du er ikkje den einaste som har gått på den smellen. Hadde mange sånne kundar i sommar. Men blir sikkert bedre når du får interiøret på plass ;)
Gleder meg til å sjå resultatet!

Hakunamatatablogg sa...

F: Eg va på seinvakt og PH i bursdag til sin far :)
Anna: Ja da tenke eg! Har dei nåke fine tapetar på butikken?? Korti ska du jobba neste gong?

Tre Kusiner sa...

OKI DOKI! Her var vi stuck med sjuk baby;( Såg verken svigerfar eller flagget??

Klem F

Anna sa...

Eg var på jobb i går, men då var vel du i bergen alikavell? ska på jobb den 11.des har mangen fine tapetbøker der, så er da rundt ei veka bestillingstid trur eg.