søndag 7. november 2010

Tank You for the Music!

I går var eg på MAMMA MIA forestillingen i Vestlandshallen, ilag med mi gode venninde Linn :) Da va veldig kjekt! Utrulig flinke folk! E så kjekt å gå på sånne ting, får ein skikkelig energiinsprøyting!


Musicalen minna meg om ferieturen eg og mamma var på til Skiathos, der filmen mamma mia var innspelt. Det var ein sommar når eg gjekk på ungdomsskulen. Eg var frustrert fordi eg ikkje hadde nokon ferieplanar, så mamma lurte på om det var godt nok å reise ilag med ho. Det var det :) Me fann ein restplass tur og reiste avgårde. Det var min første sydentur og Skiathos var ein utrulig flott plass. Det var ein veldig kjekk ferie mamma :)

1 kommentar:

Tre Kusiner sa...

Kjempe kjekt på MAMMA MIA! Synn vi ikkje såg deg...hehe. Masse kjentsfolk då?!

Klem F