fredag 5. november 2010

Maleri

Dette biletet kjøpte eg for fleire år sidan på eit utsalg som arbeidsstova på Valen sjukehus hadde, då eg hadde sommarjobb der. Eg falt veldig for dette biletet med ein gong eg såg det. Desverre er det aldri komme opp på veggen fordi eg ikkje har sosa meg til å få det ramma inn. Det gjorde eg noko med denne veka. No har eg levert det inn til "Ramme Service" i Olav Kyrresgate, der eg fekk god hjelp til å velge ut rett ramme. Eg er veldig spent på resultatet og gledar meg til eg kan hente det ferdige produktet.


2 kommentarer:

Tre Kusiner sa...

Så utruleg kjekt Olaug. No skal eg inn å legge deg til blogglista vår:)

Klem F

Anonym sa...

Velkommen tante!!!!
Klem oss på Sandvoll