torsdag 27. januar 2011

tomt for brød! What to do?

I dag vakna eg opp til ei tom brødskuffe! nei ok, det låg ein gammal skalk der, men den frista lite. Kva gjer ein i ein slik situasjon??


Lag deilige knekkebrød til frukost.


Sett i gang og bak.



 Gå ein tur medan brøda hevar seg.


Tips: ta med speilreflekskamera. Såg mange gode motiv som ikkje lot seg fanga med autofokus, som sjølvsagt hadde blitt perfekte om speilrefleksen hadde vore med ;)


Sett marihøna på 45 min


Og vips, der har me sikra brød til frukost i morgon!


Ein noko meir lettvindt måte å løyse problemet på er jo å køyre på butikken og kjøpe eit brød, men det blir jo langt ifrå like underholdande.

2 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Mmmm, ikkje så mykje som slår nybakte brød. Hverken i smak eller den gode lukta i huset.

Fin helg til deg, klem ann helen.

Tre Kusiner sa...

Mmmmm, såg deilig ut. Klem Gunilla