lørdag 11. juni 2011

Eit bilete på snei

 Her ein dag laga eg meg ein fotovegg i gangen. Eg fann fram metermål, blyant og laser (!) for her skulle da ver nøyaktig. Eg hadde til og med kamera på plass med sjølvutløyser for å finne den rette høgda å henga bileta i.

Eg begynna med å legga bileta i ulike mønster på golvet til eg fann ut korleis eg ville ha det. Sidan alle rammene var i forskjellig form og størrelse fann eg ut at det beste var å la dei gå ut frå ei felles midtlinje. Tanken er at eg kan bygga på med fleire bileter etterkvart. Så var det i gang med måling på veggen, noko eg gjorde meg flid med. Vanligvis pleie eg å ta da litt sånn på cirkusen, men no ville eg prøva å få da beint. Til tross for alt forarbeidet, trur du ikkje da blei litt skeivt likavell?

Utenom da e eg ganske fornøyd med resultatet. Ser i ettertid at dei heng litt lågt på veggen, men då passe dei jo til høgdo mi :)  Blir med ein gong meir heimekoselig når bileta kjem på plass.

3 kommentarer:

Tre Kusiner sa...

Så koseleg! Kajakk, tur, nye briller. Altfor lenge sidan vi har sett dåke. Håpar vi sjåast ein av dagane no. Stor klem frå G

Unknown sa...

Eg synes bileta hang veldig fint når eg var der eg :)

Gunvor sa...

Ser fint ut dette, Olaug!