fredag 24. juni 2011

Retrostilen og moten som stjal sjarmen


Eg elskar retro!
Har vore fasinert over gamle ting så lenge eg kan huske. Ei god blanding av 50-,60- og 70-talet. Både kler og interiør. Er nok spesielt glad i Rockabilly stilen, men også andre periodar har sine godbitar. Eg har LENGE drømt om eit rom, som skal vera bare mitt, i eit framtidig hus, som eg skal innrede med lopper frå ulike tidsepokar utan det minste system og matching.
No er retrostilen på mote. I starten synes eg det var fantastisk! Godbitar overalt!
Men så synes eg det begynna å bli litt for mykje, litt for lett tilgjengelig.
Då forsvant også sjarmen.
Eg synes det har gått litt for langt når heilt nye møblar i møbelbutikken ser gamle og slitt ut! Kva er vel poenget med det??



Dette er for all del ikkje meint som kritikk til dei som har hive seg på retrobølga, for det skjønar eg jo godt, det er jo så mykje fint! Men for meg har altså denne moten hatt motsatt effekt.
Det som er så greit med motar er jo at dei stadig endrar seg. Så no håpar eg at når denne moten forsvinn, kjem sjarmen tilbake og eg  kan fortsetta å drøyma om rommet eg ein gong skal få...

Ingen kommentarer: